klartdetgår

Velkomen med ut i naturen alle saman!


Visste du at Den Norske Turistforening har ei eiga satsing for å auke fokuset på å tilrettelegge slik at fleire kjem seg ut i naturen? Gjennom DNT Tilrettelagt arrangerast det ulike type turar og aktivitetar, og det jobbast for at dei store arrangementa skal vere tilgjengeleg for flest mogleg.

Friluftslivet kan vere tilgjengeleg, gratis, konkurransefritt og stressdempande. Stadig viser forskingsresultat oss at å vere i naturen kan gje utruleg mange fordelar. Naturen kan gje oss fordelar for vår psykiske helse og velvære. Naturen kan ha positiv effekt på evna vår til å reflektere over både utfordringar og moglegheiter i livet. Naturen kan brukast som trening og rehabilitering. Naturen gjer oss friskare og lykkelegare. Vel så kan ikkje forsking leggast fram som absolutte sannheiter, og folk responderer på ulike måtar. Men vi er utan tvil mange som kan seie at vi har kjent fleire av desse positive effektane på både kropp og sjel.

Ein skal ikkje legge skjul på at naturen ikkje er fri for tersklar som kan gjere dørstokkmila lang. Kaldt og vått vær, mangel på utstyr, steinete og sleipe stiar, fleire timars tur før ein endeleg når turisthytta. Det finst tersklar. Så korleis minimere antalet av desse?

«Det finnes ikke dårlig vær, bare dårlig klær» seiast det. Men det er vel ikkje heilt slik det FINS jo dårleg vær, gjer det ikkje? Så då handlar det om å kle seg så godt ein kan. Gode sko, ulltøy og ytterklede som tålar vatn og vind. Det må ein ha skal ein trivast ute, enten om ein får tak i brukt, kjøpar nytt eller lånar det ein treng. Det er noko eige med å gå ut på tross av dårleg vær med sidelengs vind og så mykje regn at det bråkar. Si «hei» til naturkreftene og føle seg liten i den store samanhengen. Samtidig sterk som har trossa dørstokkmila i dette været. Ja- og om ein ikkje har lyst eller vågar dette kan ein vere med på tur når veret er betre. For «Klart det går» i Bergen og Hordaland Turlag er eit fast og kontinuerleg tilbod. Det er gratis og uforpliktande.

        

Klart det går til Iungsdalshytta i Skarvheimen hausten 2018, Foto: Sigrid Kvåle Myksvoll

Klart det går i Bergen og Hordaland Turlag


Prosjektet «Klart det går»! har fokus på å tilretteleggje turar og aktivitetar for dei med ein fysisk funksjonsnedsettelse. Både dagsaktivitetar, dagsturar og overnattingsturar arrangerast. Om lag 11 medlemsforeiningar i DNT har Klart det går-tilbod, og dei kan du sjekke ut her.

I Bergen arrangerast det søndagsturar éin gong i månaden. Turane er opne for alle, og passar særleg for alle som ikkje kan eller ønskjer å gå så fort eller langt. På desse turane handlar det ikkje om avstand, tempo eller å vere flinkast mogleg. Her står naturopplevingar og sosialt fellesskap høgt.

Det varierer kor turane går, og all informasjon blir lagt ut på nettsida til BHT og på eiga Facebook-gruppe for alle interesserte. Informasjon om oppmøtestad og -tid, kva du må ha med deg, kontaktinformasjon til dei frivillige som leiar turen og turbeskriving. Vi prøver å beskrive godt, slik at du kan forberede deg på kva tur som ventar. Er du framleis usikker etter å ha lest beskrivinga, er du hjarteleg velkomen til å ta ein telefon til oss. Vi forsøker også å dele gruppa i to dersom vi ser at det er behov og ønskje for det. I tillegg er turane opne for alle aldersgrupper. Kva med å ta med vener, besteforeldre, barn eller hunden også?


I tillegg til søndagsturar har vi testa ut litt andre aktivitetar, som padling, hundekøyring og turorientering. Vi har også arrangert overnattingsturar, og ønskjer å fortsette med dette. Satsinga vår er framleis ganske ny og justerbar, så har du tips eller ønskjer til aktivitet tar vi gledeleg imot dei.


Alternativ OPPTUR i Bergen, våren 2018

Fleire av lokallaga i Bergen og Hordaland Turlag har fokus på å tilrettelegge aktivitetar, så ta direkte kontakt med dei dersom du lurar på om dei har noko for deg der du bur. Å planlegge turane godt og tilpasse dei til kva ein trur ein klarar er også ein viktig føresetnad for å gå gode naturopplevingar. Er du usikker står DNT-familien klare for å hjelpe deg med dette.

 

Kva seier du? Blir du med oss på tur? Då har vi faktisk ein konkret aktivitet å anbefale deg:

Neste tur – 7. april – besøker vi Fjell Festning på Sotra. Det er ein flott tur på asfalt opp til festningen – eit område med mykje interessant historie. På toppen tek vi ein matbit i lag og nyt utsikten!
Les meir om turen her.

 

Då gjenstår det for oss å ønskje dykk hjarteleg velkomen med ut i naturen!

Ved spørsmål til DNT Tilrettelagt og Klart det går i Bergen og Hordaland Turlag, kontakt Sigrid på e-post: sigrid.kvaale.myksvoll@dnt.no eller tlf. 553 35 815

 

Med venleg helsing,

Bergen og Hordaland Turlag

 

Sigrid Kvåle Myksvoll

Prosjektleiar, folkehelse

Copyright @ All Rights Reserved