Frode

TOUR DE FRODE

Eg heiter Frode Sæverud og jobbar til dagleg som lærar på Rubbestadnes vidaregåande skule. Eg har tre born saman med kona Elisabeth. Spelar keyboard, skrur lyd og har eit studio i kjellaren. Fekk interessa for sykling og triathlon i vaksen alder. Nokon kan kanskje hevda det kan vera tidleg 40-års krise og dei har nok rett. Mitt val vart då sykling i staden for Harley Davidson og fallskjermhopping.


Veka før påsken 2016 reiste eg og eit par kompisar på treningsleir til Spania. Me booka oss inn på eit stort flott hotell og eg stod som reiseleiar. Det var herlig å koma på sykkelsete og det var strålande vær og me fekk mange fine lange turar. Eg sleit i motbakkane allereie første dagen og kjente på at eg var nummen i armane. Tenkte eg hadde fått influensa og vurderte å gi meg, men så letta det og kroppen kjendes bra ut. Dag to var det likt. Tungt i byrjinga men kom seg etter kvart. Me la om løypene slik at det var flatt terreng den første timen og eg klarte meg igjennom rundt 730 km i løpet av veka. Siste dagen så gav eg meg litt før dei andre og leverte inn leiesykkel og sat meg på ein resturant som låg vegg i vegg med sykkelutleiesjappa. Der kosa eg meg med ein feit og god hamburger og eit par bayers før dei andre dukka opp. Dei fekk seg litt mat og så skulle me ta taxi tilbake til Benidorm. Eg reiste meg opp for å gå å bestilla drosje.


Alt vart svart! Eg vakna opp av at det stod eit politimann framfor meg som sa: «You have to lay still mister!». Eg var litt i ørska og leita etter Oakley-brillene. Dei måtte eg finna. Ambulanse kom og eg vart løfta inn i den men ambulansepersonalet måtte ha forskringsnr. slik at dei visste kva sjukehus dei skulle køyra meg til. Eg vil anbefale alle å ha dette klart på førehand slik at ein ikkje treng å leite dette opp i ørska. Eg hadde heldigvis lasta ned ein applikasjon frå forsikringsselskapet så der var det lagt inn SOS-oppringing. Det siste eg såg før dei lukka døra til sjukebilen var at Erich hadde kontroll på brillene mine. Då tenkte eg at dette kom til å gå bra.


Dette var då skjærtorsdag i 2016 og eg vart liggande på sjukehus i Benidorm fram til tysdagen før eg vart undersøkt. Eg følte meg i fin form og forstod ikkje heilt kvifor eg var der. Hotellet..øhh sjukehuset var stort og flott. Eg hadde ein eigen leilighet og eit nettbrett som eg kunne bestilla mat via. Resten av gjengen hadde reist heim men dei var ein tur på besøk før dei reiste og ein kompis av meg som bur i området fekk transportert bagasje frå hotellet. Det var sikkert for øvrig ein interessant jobb å pakka ned lasset med sveitte sykkelklede så all honnør til den eller dei som tok seg av den jobben.


Når eg endelig kom til for å få utredning så skulle eg på sykkeltest med EKG-målingar av hjerta. Før eg skulle ta testen så låg eg på ein benk og var kopla opp til EKG-apparatet. Når kardiologen kom inn så såg ho feil på hjerterymen når eg låg i ro. Vart frakta opp igjen på rommet og fekk etterkvart litt informasjon på blanding av engelsk og spansk og eit papir som eg kunne signere. Eg fekk med litt hjelp frå ein dansk sjukepleier som kunne spansk å forstå kva som skjedde. Dei ville inn å sjekke blodårene i hjarta mitt og viss dei fann noko så kunne dei sette inn stent eller blokke ut som ein også seier. Eg signerte og var motivert for dette.


Eg vart plassert på eit kaldt metallbord inne i kjelleren(!) på sjukehuset. Det kom inn ein spansk lege og ein spansk sjukepleiar. Dei kunne ikkje engelsk og eg kunne ikkje spansk. Sjølve kontrollen gjekk greitt og dei fann tette blodårer og ville blokke ut desse. Det gjekk greitt ei stund og så fekk eg ein enorm smerte i brystkassen. Som eg fekk eit blylodd plassert oppå der og dei kunne ha snakka kinesisk, tysk eller russisk men ville uansett forstått kva eg meinte. Dei byrja å diskutere seg i mellom. Og for dei som har vore i Spania så er det ein anna kultur på korleis ein diskuterer. For meg som låg der meg ein medium elefant oppå brystkassen så var det som om dei krangla, og eg vart ikkje mindre stressa av det. Fekk ein tablett under tunga som eg i ettertid har funne ut var nitroglyserin. Inngrepet vart avbrote og eg vart overført til overvåkninga. Der fekk eg morfin men det hjelpe ikkje mot smerten. Når eg snakka med fruen, så sa eg at ja til at ho kunne godt ta turen ned. No var det ikkje kjekt lenger.


Eg vart liggande i tre veker til saman. Siste veka på hotell. Fruen var komen ned og me hadde det bra etter forholda. Eg vågde så vidt å bevega meg og hadde fått ein ny kvardag med blodtrykksmedisin, kolesteroltabletter, blodfortynnende, meir blodfortynnende, hjertefrekvens nedsetjande og eit par andre som eg ikkje visste kva var. Til slutt så fekk me lege som skulle transporterte oss heim til døra. Det vart ein behageleg heimtur på flyet med ekstra sete til oksygenflaske og maske. Litt pinleg når eg skulle gå ombord i flyet då det var mykje gamle folk som hadde vore på helsereise, og som var dårlege til beins. Eg vart frakta i rullestol framfor heile køen og spratt opp av stolen og inn i flyet ved flydøra. Heile gjengen fekk for øvrig gå forbi meg då eg hadde fått to seter fremst for meg sjølv.


No trur du kanskje at forteljinga er slutt men dessverre så vart det ikkje slik. Etter eit par veker heima så vart eg sjuk. Eg tenkte eg hadde fått influensa og låg eit par dagar før eg gjekk til lege. Då dei skulle sjekka CRP så var målingane høgare enn kva dei kunne måla på legekontoret. Då vart det musikkbil til Stord sjukehus, og etter eit par dagar med utredning så kom dei fram til at eg hadde fått betennelse på hjarteposen. Vart behandla med store mengder Dispril og etter 5-6 veker så vart eg utskriven.


Fastlege hendviste meg til LHL-klinikken i Bergen og eg kom inn der med godt mot og var klar for å trene. Hardt! Eg var der på eit lærerikt og fantastisk kurs og hadde god motivasjon til å forsetja mitt nye liv som frisk hjartesjuk. Det burde vore obligatorisk at ein vart hendvist til eit slik opplegg. Eg fekk treffa hyggelige likesinna og dela erfaringar.


No var eg endelig hundre prosent frisk og klar for jobb og treningsopplegg. Eg hadde jo måtte stå over Ironman 70.3 i Haugesund og ny påmelding for året etter var på plass. Alt stemte, nesten. Eg var på kontroll med EKG og dei fann avvik som dei ville sjekka ut. Eg vart hendvist til Haukeland og der vart det satt inn fire nye stenter. Eg hadde no sju stenter totalt og ein god del blodårer som vart blåst opp.


Eg fekk eit nytt opphald på LHL-klinikken. Fekk fullført Ironman 70.3, Bergen – Voss og andre ritt, og no trur du kanskje at historia er slutt. Og det er den. Har følt meg tipp topp etter dette og er i trygge hender i de norske helsevesenet. På det siste LHL-opphaldet så traff eg Terje som har dratt meg med til å sykle i England og det ser eg fram til.


Eg har hatt ein tur i sjukebil etter dette, men det var falsk alarm, og fekk beskjed om at det var rett av meg å ringe slik at dei kunne ta vurderinga på om det var hjerte relatert eller ikkje.


Og så ein oppfordring til alle som er usikker på om dei skal ta kontakt med lege når ein ikkje føler seg bra: Gjer det!

Takk for meg!






Copyright @ All Rights Reserved