Harald

Heisann folkens.-) Eg er Harald Møgster, kjeme frå øya Møkster I Austevoll, bur no I Bergen, er 50 år, gift med Jane og me har tre flotte tenåringsdøtre.

 

Lørdag 24 februar 2018, var eg og hjelp yngste bror min med å trille vekk ein grushaug utover kaien hans. Eg jobba med grapse, traug og trillebår, hadde ikkje teke meir enn eit par fulle traug før eg kjent det i brystet, skjønte ikkje mykje av det, og tok det litt meir piano med trauget og trillebåro, det gjekk bedre då slik at me fekk ut meste delen av grusen.

 

Når eg kom heim fortalde eg dette til Jane og me var einige om å ringe legen mandag.

 

Søndag for me til Møkster for å feire papens gebursdag, kjente ingen ting da.

På mandagen for eg til Stord på jobb, når eg kom fram ringte eg fastlegen og fortalde ka eg kjende, fekk då beskjed om å komme inn med ein gong, men eg e jo mann så jobb førstJ, sa eg kunne komme opp til Bergen tirsdag.

Eg var ut arbeidsdagen og reiste heim, kjente eg var litt skeptisk på vegen heim, kollegaer sa eg måtte komma meg til legevakta for sjekk.

 

Eg kom heim og det var kommen snø i oppkjørselen, seie då til kåno at er det pumpo so laga krøll, vil eg kjenne det om eg prøver meg på snømåking. Snømåkinga gjorde susen, smertene kom momentant, då eg kom inn og kåno såg meg reiste ho seg berre opp og me kjørte til Nesttun legevakt.

Der fekk eg kjeft som fortent av ei hyggelig lege, terning kast 1 for oppførsel sa ho, er det smerter I brystet er det berre å komma seg inn for ein sjekk med ein gong.

 

Derifrå til Haukeland for fleire kontroller, inn skrevet og der var eg ein hjertepasient, spesielt det må eg sei, ikkje fylt 50 eingong.

Eg hadde vore heldig, kontrollane viste ikkje tegn til infarkt, men 1 åre var mellom 90-99% tett, og litt smårusk i dei andre, stent montert onsdag I ”framre nedadstigande grein”,

og heim torsdag.

Eg vil berømme det nye mottaket/ hjerteavdelinga og personalet på Haukeland, ein utrolig empatisk og fin gjeng som tok godt vare på oss pasientar.

 

Kåno var med meg so og sei heile tio på Haukeland, tusen takk kåno mi <3

 

Ble anbefalt av andre hjertepasientar å takke ja til eit opphald på LHL Nesttun, da dei hadde god erfaring med det. Det er eg svært glad for at eg gjorde.

For ein fantastisk og proff gjeng+ en fabelaktig kokk;-)

Fikk og bli kjent med en utrolig fin hjertegjeng

Her fikk vi lære treningsteknikkar, gå turar, om kosthold og hva vi måtte ta hensyn til, ikkje minst ka kroppen tålte, for her tok eg meg ut so eg aldri har gjort før.

No har Terje tatt initiativ til ein sykkeltur London- Brigthon, men min 18” Apache sykkel med gear på stanga solgte eg i ungdommen så no må eg jo leige ein(mon tro dei har Apache der borte )

 

Eit lite tips til mannfolk ift pumpo.

Etter eg vart innlagt og begynte å reflektere på om eg hadde kjent noko tidlegare, kan eg sei at nedsett kondis utan noen forklaring er nok det eg merka først, tungpustet i små bakker. Var til legen ifm fornying av sertifikat 6 månader før dette og blodtrykket var 125 over 80 så eg skjønte ikkje det steike støv når eg vart innlagt.

Ps, teine fiske er bra for helso :)

Copyright @ All Rights Reserved