Terje

 

Mitt namn er Terje , 40 år singel og bur idag i Masfjorden men kommer frå Gulen i Sogn.

 

Dei som kjenner meg veit at eg er ein meget positiv person som ikkje

alltid tenker konsekvenser. Og det gjer eg ikkje no heller,når eg skal

være med ein fin og fantastisk gjeng eg har møtt på LHL-klinikken  til

London på sykkeltur.

 

 For det første er ikkje dette enkelt å skrive, det er slik med alle som

har hatt ein alvorlig sykdom , dei vil ikkje erkjenne den og for all

del ikkje dele den med verden, men no skal eg prøve.

 

 

Hjartebank og  helikoppter.

 

Det var ein tidleg søndag ettermiddag høsten/vinteren 2015. Eg hadde

våre på ett hyggelig bursdagskallas dagen før, og var som seg hør og bør

ikkje i toppslag dagen etter  siden eg hadde hatt det vel kjekkt dagen

før. Svetten rann og eg følte meg sliten med ein ekstrem høg puls. Ca

230.

 

Eg tenkte dette var no i overkant fyllasjuk eg skulle vere. (Fulleangst

x10) Men sikkert et tegn på at eg hadde det kamsje for kjekkt igår.

 

Eg var då 36 år gammel så hjerte problem var ikkje i min villaste

fantasi. Men pulsen gav seg ikkje og timene gjekk. Når eg ikkje fekk

sove om natta ringte eg 113. Eg er jo mann, så eg sa det gjekk fint,men

eg hadde hjartebank. Må for all del ikkje overdramatisere.

 

Vedkommende spørte meg om eg kunne kjøyre til Knarvik (2 timers kjøyre

tur)og få sjekke hjarte med ekg.  Eg sa at det kunne eg no gjere,men no

var det blitt så seint at eg kunne jo igrunn vente til neste morgon og

ta turen på legekontoret 10.min kjøyring  Så det blei det siste.

 

Klokken 07.00 reiste eg på jobb og tok vaktbytte og skulle starte mi fri

uke.  Så ser kollegaen på meg og seier eg ser ikkje bra ut. Eg seier

til han at eg har extrem høg puls og skal inn til legen no. Han var

ikkje uenig i det.  Men eg måtte love han at eg reiste til legen, og det

gjorde eg.

 

Som ein høflig mann eg er, så gjekk eg opp til skranken og sa at eg

hadde litt hjartebank. Sekretæren såg på meg med et smil og ba meg sette

meg ned å vente. Minutter blei til halvtime og så var det min tur.

Legen tok imot meg, smilte og spørte kva som var gale. Eg sa som det

var. Eg har litt hjartebank. Han ser litt undrende på meg og setter på

ekg. Og her var det liv skal du vite. Litt for mykje liv til legen sitt

syn. 210 i puls. Han setter først ei sprøyte,så to, så tre. Men ingen

reaksjon på pulsen. Ambulanse blir tilkalla, dei avtaler at denne turen

går uten blålys .Så går dei ut og kommer inn att og dei var enige om at

denne turen blir med blålys. Minuttene gjekk og dei gjekk ut at. Så

kommer legen inn med et bekymret ansiktutrykk, helikoppteret er no på

veg. Då forstod eg at eg kansje var litt sjuk allikavel og litt angst

kom i meg. Dette er jo alvorlig. Det har visst seg i ettertid at eg har

nok hatt litt flaks

 

Haraldsplass.

 

Det gjekk no slag i slag. Leger kom, og leger gikk mens dei studerte ekg

min heftig. Så kommer den  eine legen inn og seier eg skal ha kjemisk

restart på hjarte. Dvs. Dei skal putte gift i meg i ei hand så skal dei

ha motgiften i den andre handa.  Han stod opp på tredje dagen tenkte eg.

 

Fleire sjukpleiere kom. Ei holdt  på beina mine, to holdt kvar sin neve

og ein holdt hode. Så blei det svart, giften gjorde at eg ikkje fekk

puste og borte var eg. Døds refleksene slo til men sykepleierne klarte å

holdt meg nede. Eg har aldri våre så redd.

 

Når eg våkna igjen sa legen," Dette fungerte veldig bra" og eg såg på

ekgen at pulsen min var no 90 slag og trykket i kroppen var borte, Legen

ser på meg og seier lavmeldt. Me må desverre gjere det ein gang til for

å vere heilt sikker. Faen og tenkte eg.

 

Etter dette så skulle eg vere til overvåkning ein dag.  Så dagen etter var eg klar til å reise heim. Dei hadde jo fiksa meg.

 

Dei hadde jo tatt litt blodprøver og det viste seg at noko kansje ikkje heilt stemte.

 

Dei sendte meg ned på Haukeland og her skulle det scannes frå topp til

tå. Mens eg tar på meg skjorta etter sanninga  og tenker no skal eg

endelig  heim ,kommer det ein kirurg inn og seier at operasjonsbordet er

klart om 5 min.  "Terje du har også hatt et hjerteinfarkt" sa han og me

må blokke deg.

 

Neste dag ligger eg i senga og ein ny lege kommer inn. Eg trur du har

ein genfeil Terje, for det viser seg at du har ein ekstrem høg

kolesterol. Så visst det er greit for deg tar me ein gentest. Skal sei

,ei ulykke kommer ikkje åleine.

 

 Det viste seg i ettertid at eg har den genfeilen som heter familier

hyperkolesterol og eg skal vere heldig visst ikkje eg får et kraftig

tilbakefall  i nær fremtid visst ikkje dei klarte å stabilisere det

innen kort tid med medesiner. Og vipps så var eg blitt ein storkunde på

apotek 1 Knarvik.

Starten på det nye livet. Terje 2.0

 

Vinteren/våren 2016 møter eg LHL for første gang, og det blir  desverre

ikkje min siste. Stedet var Krokeide og eg blei kjent med meg sjølv og

mangen andre pasienter både yngre og eldre en meg .

 

Eg har aldri våre noko treningsmann eller mosjonist etter eg kom i 20

åra. Så har vel hatt 20 år med forfall der røyk øl og burger var ein

sentral rolle i livet mitt🙈

 

LHL-klinikkene tok imot meg med åpne armer og fekk meg til å sjå

mulighetene ikkje begrensninger. Kven skulle tru at eg skulle like

stavgang med bakkeintervall og spinning.

 

 LHL klarer å legge frem livsstilsendringer på ein fantastisk

oversiktlig og grei måte. Og eg må vel seie at desse 3 ukene i 2016

gjorde underverk for meg. Men desverre så var ikkje kosthold medesiner

og trening nok til å få ned kolesterolet. Så det for eg komme tilbake

til når eg skal skrive om 2016.

Copyright @ All Rights Reserved